Hei, Per Vidar! Veldig kjekt at du er fornøgd med innhaldet på bloggen! Svaret på det første spørsmålet ditt er ja. De øvste biletet på denne sida er av reine svinespekepølser. Du har heilt rett i at svinefeittet lett smakar litt beskt når det eldast. Eg har opplevd at reine svinespekepølser har blitt litt emne i smaken heilt ytterst i kantane når spekinga har tatt ekstra lang tid på grunn av fuktige tørkeforhold. Men eg vakuumerer og frys alltid ned større stykke med svinekjøtt til spekepølse-produksjon, for eksempel ribbe og/eller svinenakke og bog. Dersom kjøttstykka ligg lengst nede i fryseboksen og er vakuumert held dei fint eit halvår, om du tiner kjøttet ned sakte, slik eg skriv om på denne sida. Så tar eg det fram når eg er så heldig å få kjøpt litt hjort eller elg. Lukke til!
↧